Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:2346 (2024-2025)
Innlevert: 28.05.2025
Sendt: 30.05.2025
Besvart: 06.06.2025 av utenriksminister Espen Barth Eide

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil utanriksministeren ta initiativ til at Noreg straks innfører dei same sanksjonane som EU mot russiske rederi som i følgje EU har deltatt i både sabotasje og spionering mot Norge og andre vestlige land, og difor no er stengt ute frå alle hamner i EU?

Begrunnelse

Russiske fartøy og rederi med tilknyting til etterretningstenester og sabotasjeverksemd har i lang tid operert langs norskekysten under dekke av å vere sivile aktørar.
Ei rekkje av desse er no sanksjonert av EU gjennom svartelisting av 19 russiske rederi, etter konkret grunngjeving knytt til spionasje og truslar mot europeisk infrastruktur. Det gjeld mellom anna dei to største fiskebåtrederia, Norebo og Murman Seafood, som no er stengde ute frå alle havner i EU.
Regjeringa har så langt ikkje avklart om og når Noreg vil innføre same sansksjonar mot desse rederia som EU. Det svekker både Noreg sin tryggleik og vårt utanrikspolitiske fellesskap med EU i møte med Russland. I dagens situasjon, der både kablar, havvind, energiforsyning og fiberinfrastruktur er potensielle mål for hybridoperasjonar, er det avgjerande at europeiske demokrati handlar raskt og koordinert.
Venstre meiner Noreg må stå fast saman med våre allierte i EU og handle i takt med dei. Vi kan ikkje vere ei bakdør for russiske interesser. Det må vere ein sjølvsagt del av norsk utanrikspolitikk å følgje opp slike sanksjonar – særleg når dei er grunngjevne i tryggleikspolitiske vurderingar og dokumentert verksemd frå russiske etterretningsaktørar.
Regjeringa må difor svare på om Noreg vil følgje EUs linje, og kvifor det ikkje alt er gjort.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Denne saka er no til handsaming av regjeringa. Norske styresmakter følgjer nøye med på situasjonen i nærområda våre og er godt kjent med at aktivitet som i utgangspunktet er lovleg, kan bli utnytta til formål som kan skade nasjonal tryggleik og norske interesser. Dette arbeider norske styresmakter, som Forsvaret, Etterretningstenesta og Politiets tryggingsteneste, med å førebygge og forhindre.
Sanksjonar er eit av dei viktigaste tiltaka det internasjonale samfunn har til rådvelde for å reagere mot Russland sitt folkerettsbrot og for å avgrense russisk handlingsrom. Vi står saman med EU og andre allierte for å sikre at sanksjonane treffer sterkt og effektivt, og på denne måten bidrar til styrka beskyttelse av våre tryggingspolitiske interesser. Noreg vil slutte opp om sanksjonane EU vedtok 20. mai, på same måte som vi tidlegare har slutta opp om EUs sanksjonar mot Russland. Ved implementeringa av sanksjonane i norsk rett, kan nasjonale tilpasningar vera aktuelt. Dette er spørsmål regjeringa no har til vurdering.